Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Stord Legesenter

Velkomen til våre heimesider. Her vil du finna nyttig informasjon. Me ynskjer at det skal vera enkelt for deg å kontakta oss. Difor er det lagt til rette for timebestilling og reseptbestilling via appen Helserespons, SMS, via denne heimesida, eller via helsenorge.no (krev innlogging).

For timebestilling samme dag/øyeblikkeleg hjelp, ber me deg ta kontakt på telefon frå kl 08.30 månd-torsd, og frå kl 10.00 fredagar. Du finn informasjon om telefontider på nettsida.

Ved behov for akutt legehjelp, ring legevakt 116 117 eller 113.



Aktuelt

INFLUENSAVAKSINE 2024/2025

1. oktober 2024

Årets influensavaksine er venta inn i løpet av veka 42.
Personar i risikogruppe (Risikogruppa) kan få sett vaksina her.

Ta kontakt for timebestilling!

Pris utan legetime:
Influensavaksine u/frikort:  kr 284
Influensavaksine m/frikort: kr 220

Pneumokokkvaksine kan bli sett samtidig, kr 150, men denne må du ha resept på og ta med til legekontoret.

Info frå Stord kommune: Vaksinering

Er du tidlegare pasient av dr Olav Haugen?

21. februar 2024

Helfo har sendt ut brev med informasjon til dei som hadde dr Olav Haugen som fastlege. Brevet kan vera misvisande, og mange trur dei ikkje lenger høyrer til ved Stord Legesenter.

Alle som har fått dette brevet, skal forholda seg til Stord Legesenter slik som før. Dr Waleed S Brisam er fast vikar på lista.

Ny vikarlege ved kontoret

28. oktober 2021

Vikarlege for dr Olav Haugen fram til august 2025:
Dr Waleed Shaie Brisam. 
Dr Brisam skal ha friperiodar, og andre vikarlegar kjem då i staden for han.

Minnar om at alle registrert med Dr Haugen som fastlege fortsatt har legetilbod ved Stord Legesenter.

Informasjon til Olav Haugen sine pasientar

10. september 2021

Alle som er oppført med dr Olav Haugen som fastlege, har fortsatt tilbod om lege ved Stord Legesenter. Det er vikar i hans stilling.

Helsenorge.no

22. januar 2020

Stord Legesenter vil oppfordra alle til å ta i bruk Helsenorge.no for enklare kontakt med oss, og bedre oversikt over helsetenester på ein sikker og gratis måte. 

Logg deg inn på helsenorge.no og gi samtykke til "Full tilgong".
Du kan då bestilla legetime, fornya reseptar, ha enkel kontakt med legekontoret, nytta deg av e-konsultasjon med meir.
Du får òg oversikt på timar/tilvisingar og journalen din i Helse Vest.

For utfyllande informasjon: https://helsenorge.no/

DIGITAL KONTAKT MED LEGEKONTORET

9. mars 2018

Me oppfordrar flest mogleg til å nytte helsenorge.no for kontakt med oss. Her loggar du deg inn med bankID. Du kan bestilla time, reseptar og ta kontakt for generelle spørsmål, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du òg ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Me har fortsatt SMS-tenesta Helserespons. Her kan du sende melding til oss. Start meldinga med kodeord "STORD", skriv så meldinga. 

Du kan òg laste ned app for både Helsenorge og Helserespons.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".