Senteret sitt bannerbilde

Stord Legesenter

Velkomen til våre heimesider. Her vil du finna nyttig informasjon. Me ynskjer at det skal vera enkelt for deg å kontakta oss. Difor er det lagt til rette for timebestilling og reseptbestilling via appen Helserespons, SMS, via denne heimesida, eller via helsenorge.no (krev innlogging).

For akutt- og hastehenvendingar, ber me deg ta kontakt på telefon frå kl 08.30. Du finn informasjon om telefontider på nettsida.



Aktuelt

SOMMAR 2018

14. mai 2018

Legane har følgande ferieavvikling i sommar:

Dr Johannesen 25.06.18 - 20.07.18

Dr Nygård        09.07.18 - 03.08.18

Dr Haugen       23.07.18 - 17.08.18


Kontoret er stengt pga kommunalt arbeid følgande dagar:
Torsdag 12.07.18 og 19.07.18
Tysdag  24.07.18 og 31.07.18

Ved behov for akutt legehjelp på stengte dagar, ta kontakt med legevakta tlf 116117.

SMS'ar blir behandla påfølgande dag. Me ber om at fornying av reseptar blir gjort i god tid før ferien. 
Grunna redusert bemanning må ein prioritera dei som treng akutt legehjelp. Faste kontrollar/attestar o.l. bør ein bestilla tid for anten før eller etter ferien.

God sommar!

Digital kontakt med legekontoret

9. mars 2018

Mange har kanskje fått med seg debatten i media angåande pasientbetaling for digital kontakt med legekontor ved bruk av SMS, app, eller nettside. Det er framleis ikkje avklart frå myndighetene om det vert noko lovendring her. Stord Legesenter driv til ei kvar tid i tråd med dei lover som gjeld i høve til dette. Inntil vidare kostar det difor som før kr 6,- per mottatt melding dersom du har tatt kontakt med oss anten per SMS, via appen Helserespons eller via heimesida vår. MEN: dersom me sender deg ei melding til dømes ved bekrefting av time som vert bestilt per telefon, eller me svarar deg på eit spørsmål etter kontakt med oss per telefon eller ved oppmøte, så er det Stord Legesenter som betalar for denne.

Det er mogleg å kontakta oss gratis via helsenorge.no. Her loggar du deg inn med bankID, og kan bestilla time og reseptar, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du og ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".

 

NYTTIG HELSEINFORMASJON PÅ NETTET

3. juni 2015

Lurer du på kven som er fastlegen din, om du har resept på medisinar, spørsmål angåande frikort eller andre helserelaterte spørsmål?

Logg deg inn på:

https://helsenorge.no/

"Logg inn for å sjå dine eigendelar, bytta fastlege, bestilla Europeisk helsetrygdkort, sjå oversikt over dine reseptar, melda biverknadar, sjå din kjernejournal (i utvalgte områder) og sjå dine timeavtalar ved sjukehus i Helse Vest-regionen."