Senteret sitt bannerbilde

INFLUENSAVAKSINERING 2018/2019

18. september 2018

I år blir influensavaksinen utlevert ca veka 43 i Hordaland. Me vil starta opp vaksinering til personar i risikogrupper så snart me mottek desse. 

For ytterlegare informasjon om risikogrupper følg denne lenka: Influensavaksine - risikogrupper

Helsestasjonen på Leirvik tilbyr òg vaksinering til risikogrupper - tid vil bli annonsert.
Informasjon om tidspunkt blir lagt ut når me veit dette.

Dersom du ønsker influensavaksine og ikkje er i risikogruppa, må du få resept og bestilla tid for vaksinering hos oss.

 

Digital kontakt med legekontoret

9. mars 2018

Mange har kanskje fått med seg debatten i media angåande pasientbetaling for digital kontakt med legekontor ved bruk av SMS, app, eller nettside. Det er framleis ikkje avklart frå myndighetene om det vert noko lovendring her. Stord Legesenter driv til ei kvar tid i tråd med dei lover som gjeld i høve til dette. Inntil vidare kostar det difor som før kr 6,- per mottatt melding dersom du har tatt kontakt med oss anten per SMS, via appen Helserespons eller via heimesida vår. MEN: dersom me sender deg ei melding til dømes ved bekrefting av time som vert bestilt per telefon, eller me svarar deg på eit spørsmål etter kontakt med oss per telefon eller ved oppmøte, så er det Stord Legesenter som betalar for denne.

Det er mogleg å kontakta oss gratis via helsenorge.no Her loggar du deg inn med bankID, og kan bestilla time og reseptar, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du og ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".

 

NYTTIG HELSEINFORMASJON PÅ NETTET

3. juni 2015

Lurer du på kven som er fastlegen din, om du har resept på medisinar, spørsmål angåande frikort eller andre helserelaterte spørsmål?

Logg deg inn på:

https://helsenorge.no/

"Logg inn for å sjå dine eigendelar, bytta fastlege, bestilla Europeisk helsetrygdkort, sjå oversikt over dine reseptar, melda biverknadar, sjå din kjernejournal (i utvalgte områder) og sjå dine timeavtalar ved sjukehus i Helse Vest-regionen."