Senteret sitt bannerbilde

Stord Legesenter

Velkomen til våre heimesider. Her vil du finna nyttig informasjon. Me ynskjer at det skal vera enkelt for deg å kontakta oss. Difor er det lagt til rette for timebestilling og reseptbestilling via appen Helserespons, SMS, via denne heimesida, eller via helsenorge.no (krev innlogging).

For akutt- og hastehenvendingar, ber me deg ta kontakt på telefon frå kl 08.30 månd-torsd, frå kl 10.00 fredagar. Du finn informasjon om telefontider på nettsida.



Aktuelt

SOMMAR 2019

29. april 2019

Legane har ferie etter følgande oppsett:

Dr Olav Haugen                            24.06.19 - 19.07.19
Dr Dag Frode Valen Johannesen   08.07.19 - 02.08.19
Dr Øystein Nygård                        22.07.19 - 16.08.19

Kontoret held stengt
Onsdag 10. og 17.07.19
Torsdag 25.07.19 og 01.08.19.
Meldingar/SMS blir besvart påfølgande dag.

Me ber om at fornying av reseptar, sjukemeldingar og andre attestar blir ordna i god tid før ferieavviklinga. Ein må pårekna noko lenger ventetid på telefon/laboratoriet pga redusert bemanning.

Me ønsker alle ein fin sommar!

ENDRA TELEFONTID FREDAGAR

27. februar 2019

Frå 01.03.19 endrar me telefontid fredagar.

Ny telefontid:
Måndag - torsdag kl 08.30-10.00 og kl 13.00-14.00
Fredag kl 10.00-11.30

DIGITAL KONTAKT MED LEGEKONTORET

9. mars 2018

Mange har kanskje fått med seg debatten i media angåande pasientbetaling for digital kontakt med legekontor ved bruk av SMS, app, eller nettside. Det er framleis ikkje avklart frå myndighetene om det vert noko lovendring her. Stord Legesenter driv til ei kvar tid i tråd med dei lover som gjeld i høve til dette. Inntil vidare kostar det difor som før, kr 6,- per motteken melding dersom du har teke kontakt med oss anten per SMS, via appen Helserespons eller via heimesida vår. MEN: dersom me sender deg ei melding til dømes ved bekrefting av time som vert bestilt per telefon, eller me svarar deg på eit spørsmål etter kontakt med oss per telefon eller ved oppmøte, så er det Stord Legesenter som betalar for denne.

Det er mogleg å kontakta oss gratis via helsenorge.no Her loggar du deg inn med bankID. Du kan bestilla time, reseptar og ta kontakt for generelle spørsmål, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du òg ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".

 

NYTTIG HELSEINFORMASJON PÅ NETTET

3. juni 2015

Lurer du på kven som er fastlegen din, om du har resept på medisinar, spørsmål angåande frikort eller andre helserelaterte spørsmål?

Logg deg inn på:

https://helsenorge.no/

"Logg inn for å sjå dine eigendelar, bytta fastlege, bestilla Europeisk helsetrygdkort, sjå oversikt over dine reseptar, melda biverknadar, sjå din kjernejournal (i utvalgte områder) og sjå dine timeavtalar ved sjukehus i Helse Vest-regionen."