Grunna utvikling i pandemien me no er inne i, må me gjere eindel grep for å forhindre at våre pasientar/ oss i helsevesenet smittar kvarande. Me følgjer råd frå FHI og Helsedirektoratet, samt frå kommunelegen.

For å minisere smittefaren, vil eindel konsultasjonar bli kansellerte. Pasientar dette gjeld vil bli kontakta.

Me vil oppmoda våre pasientar til å ta kontakt på andre måtar enn ved fysisk oppmøte. Det kan gjerast ved:

Helsenorge.no (e-kontakt, e-konsultasjon)

Helserespons/ SMS

Telefon.

Grunna no stor pågang, vil det vera fare for lang ventetid på tlf. Bed difor om å hovudsakleg bruke SMS/ Helsenorge.no (e-kontakt og e-konsultasjon).

Me vil kommunisere med tlf, e-kontakt/ konsultasjon, og har også moglegheit for videokonsultasjon der det er føremålstenleg.

Me vil gjere vårt ytterste for å begrense smitte og gje helsehjelp til våre pasientar.