Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

FERIEAVVIKLING SOMMAREN 2024

10. juni 2024

Ferie vert avvikla frå veka 26 - 32.
Dr Johannesen: 24.06.24 - 19.07.24
Dr Nygård: 15.07.24 - 09.08.24
Dr Brisam: 05.08.24 - 30.08.24 (det kjem vikar for dr Brisam)

Det blir redusert bemanning på kontoret gjennom sommaren. Ein ber om at reseptar og anna blir ordna i god tid.

Det må påreknast noko lengre ventetid på telefon og laboratoriet i perioden. Ber om forståing for dette.

GOD SOMMAR!

Er du tidlegare pasient av dr Olav Haugen?

21. februar 2024

Helfo har sendt ut brev med informasjon til dei som hadde dr Olav Haugen som fastlege. Brevet kan vera misvisande, og mange trur dei ikkje lenger høyrer til ved Stord Legesenter.

Alle som har fått dette brevet, skal forholda seg til Stord Legesenter slik som før. Dr Waleed S Brisam er fast vikar på lista.

Influensavaksine 2023/2024

27. september 2023

Årets influensavaksine er forventa inn i veka 43.
Personar i risikogruppa (Risikogruppe) kan få sett vaksina her. 

Ta kontakt for timebestilling!

Pris:

Influensavaksine u/frikort:  Kr 261
Influensavaksine m/frikort: Kr 200

Pneumokokkvaksine kan ein få sett samtidig (kr 150), denne må du ha resept på og ha med til legekontoret.

Info frå Stord kommune:
Vaksinering Stord kommune

Ny vikarlege ved kontoret

28. oktober 2021

Vikarlege for dr Olav Haugen fram til des-24:
Dr Waleed Shaie Brisam. 
Dr Brisam skal ha friperiodar, og andre vikarlegar kjem då i staden for han.

Minnar om at alle registrert med Dr Haugen som fastlege fortsatt har legetilbod ved Stord Legesenter.
Enkelte tenester via helsenorge.no fungerer ikkje for hans pasientar. Ta kontakt på telefon, 53 40 41 40 eller SMS 2097 (kodeord STORD).

Informasjon til Olav Haugen sine pasientar

10. september 2021

Alle som er oppført med dr Olav Haugen som fastlege, har fortsatt tilbod om lege ved Stord Legesenter. Det er vikar i hans stilling.

Tenester via helsenorge.no kan diverre ikkje nyttast som før for hans pasientar, og de må no bruka telefon eller SMS 2097/Helserespons for timebestilling, reseptfornying o.l. Tekniske problem hos helsenorge.no er årsaka til dette, og det blir ikkje ordna før ny fastlege er på plass.

KVEN KAN FÅ KORONAVAKSINE?

12. januar 2021

I starten vil det ikkje vera nok koronavaksine til alle i dei anbefalte gruppene, slik at den må bli gitt til dei som treng det mest først. Du treng ikkje setja deg på "ventelista" hos oss.

Sjå lenke Stord kommune:
Stord kommune - informasjon om koronavaksinen

Sjå lenke FHI.no:
Prioriteringsrekkefølge koronavaksine

Helsenorge.no

22. januar 2020

Stord Legesenter vil oppfordra alle til å ta i bruk Helsenorge.no for enklare kontakt med oss, og bedre oversikt over helsetenester på ein sikker og gratis måte. 

Logg deg inn på helsenorge.no og gi samtykke til "Full tilgong".
Du kan då bestilla legetime, fornya reseptar, ha enkel kontakt med legekontoret, nytta deg av e-konsultasjon med meir.
Du får òg oversikt på timar/tilvisingar og journalen din i Helse Vest.

For utfyllande informasjon: https://helsenorge.no/

DIGITAL KONTAKT MED LEGEKONTORET

9. mars 2018

Mange har kanskje fått med seg debatten i media angåande pasientbetaling for digital kontakt med legekontor ved bruk av SMS, app, eller nettside. Det er framleis ikkje avklart frå myndighetene om det vert noko lovendring her. Stord Legesenter driv til ei kvar tid i tråd med dei lover som gjeld i høve til dette. Inntil vidare kostar det difor som før, kr 6,- per motteken melding dersom du har teke kontakt med oss anten per SMS, via appen Helserespons eller via heimesida vår. MEN: dersom me sender deg ei melding til dømes ved bekrefting av time som vert bestilt per telefon, eller me svarar deg på eit spørsmål etter kontakt med oss per telefon eller ved oppmøte, så er det Stord Legesenter som betalar for denne.

Det er mogleg å kontakta oss gratis via helsenorge.no Her loggar du deg inn med bankID. Du kan bestilla time, reseptar og ta kontakt for generelle spørsmål, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du òg ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".