Mange har kanskje fått med seg debatten i media angåande pasientbetaling for digital kontakt med legekontor ved bruk av SMS, app, eller nettside. Det er framleis ikkje avklart frå myndighetene om det vert noko lovendring her. Stord Legesenter driv til ei kvar tid i tråd med dei lover som gjeld i høve til dette. Inntil vidare kostar det difor som før, kr 6,- per motteken melding dersom du har teke kontakt med oss anten per SMS, via appen Helserespons eller via heimesida vår. MEN: dersom me sender deg ei melding til dømes ved bekrefting av time som vert bestilt per telefon, eller me svarar deg på eit spørsmål etter kontakt med oss per telefon eller ved oppmøte, så er det Stord Legesenter som betalar for denne.

Det er mogleg å kontakta oss gratis via helsenorge.no Her loggar du deg inn med bankID. Du kan bestilla time, reseptar og ta kontakt for generelle spørsmål, samt nytta tilbudet om e-konsultasjon med din fastlækjar. Her kan du òg ha god oversikt over dine timeavtalar i spesialisthelsetenesta og reseptane dine mm.

Sjå elles utfyllande informasjon under fana "Slik bestiller du".