Stord Legesenter
Velkomen til våre heimesider. Her vil du finna nyttig informasjon. Me ynskjer at det skal vera enkelt for deg å kontakta oss. Difor er det lagt til rette for timebestilling og reseptbestilling via appen Helserespons, SMS, via denne heimesida, eller via helsenorge.no (krev innlogging).
For timebestilling samme dag/øyeblikkeleg hjelp, ber me deg ta kontakt på telefon frå kl 08.30 månd-torsd, og frå kl 10.00 fredagar. Du finn informasjon om telefontider på nettsida.
Ved behov for akutt legehjelp, ring legevakt 116 117 eller 113.
Aktuelt
10. februar 2023
Telefonproblem er delvist løyst, men me har fortsatt utfordringar med telefonen. Det blir jobba med saken.
TELEFONTID
kl 08.30-10.00 + kl 13.00-14.00 mand- torsd
kl 10.00-11.30 fredag
Ved behov for time ber me om at de sender melding via helsenorge.no eller sms til 2097 (kodeord: STORD).
Ein kan òg møta direkte på kontoret for vurdering.
16. desember 2022
Dr Waleed S Brisam har friperiode 02.01.23 - 27.01.23 og 20.03.23 - 14.04.23
Dr Nygård og dr Johannesen vikarierer 02.01.23 - 06.01.23
Dr Oleg G Sidorenkov vikarierer 09.01.23 - 27.01.23
Dr Girla Valeriu vikarierer 20.03.23 - 14.04.23.
10. oktober 2022
Me kan no tilby influensavaksine og pneumokokkvaksine til våre pasientar.
Pris:
Influensavaksine: Kr 259 u/frikort / Kr 200 m/frikort
Pneumokokkvaksine: kr 459 u/frikort / kr 400 m/frikort
Grunna stor pågang på telefon ønsker me helst timebestilling via helsenorge.no eller Helserespons/SMS til 2097 - kodeord STORD.
Informasjon angåande influensavaksina:
FHI - Influensavaksine
Stord kommune - influensa- og pneumokokkvaksine
10. juni 2022
Vikarlege 14.11.22 - 25.11.22 er Dr Girla Valeriu.
Dr Waleed Shaie Brisam er tilbake 28.11.22.
28. oktober 2021
Vikarlege for dr Olav Haugen i perioden nov -21 til juni -23:
Dr Waleed Shaie Brisam.
Dr Brisam skal ha friperiodar, og andre vikarlegar kjem då i staden for han.
Minnar om at alle registrert med Dr Haugen som fastlege fortsatt har legetilbod ved Stord Legesenter.
Enkelte tenester via helsenorge.no fungerer ikkje for hans pasientar. Ta kontakt på telefon, 53 40 41 40 eller SMS 2097 (kodeord STORD).
15. september 2021
Me kan no tilby influensavaksine til risikogruppa.
Personar som skal ha pneumokokkvaksine, må ta kontakt for resept og ha vaksina med til kontoret.
Pris:
Influensavaksine kr 50,- (gratis for dei med frikort)
Vaksinering m/pneumokokkvaksine kr 150,-
Personar i risikogruppa kan bestilla tid for vaksinering ved Stord Legesenter frå 21.10.21.
Grunna stor pågang på telefon ønsker me helst timebestilling via helsenorge.no (e-kontakt) eller SMS 2097 - kodeord STORD.
Informasjon frå Stord kommune:
Influensa-og-pneumokokkvaksinasjon Stord kommune
Informasjon frå FHI:
FHI - Influensavaksine
10. september 2021
Alle som er oppført med dr Olav Haugen som fastlege, har fortsatt tilbod om lege ved Stord Legesenter. Det er vikar i hans stilling.
Tenester via helsenorge.no kan diverre ikkje nyttast som før for hans pasientar, og de må no bruka telefon eller SMS 2097/Helserespons for timebestilling, reseptfornying o.l. Tekniske problem hos helsenorge.no er årsaka til dette, og det blir ikkje ordna før ny fastlege er på plass.
22. april 2021
Personar mellom 18 og 64 år kan no registrera seg på førehand, for å bli kontakta når det blir aktuelt med vaksinering mot koronasjukdom.
For meir info, følg lenke: https://www.stord.kommune.no/registering-for-koronavaksinering.6381825-454088.html
12. januar 2021
I starten vil det ikkje vera nok koronavaksine til alle i dei anbefalte gruppene, slik at den må bli gitt til dei som treng det mest først. Du treng ikkje setja deg på "ventelista" hos oss.
Sjå lenke Stord kommune:
Stord kommune - informasjon om koronavaksinen
Sjå lenke FHI.no:
Prioriteringsrekkefølge koronavaksine
24. mars 2020
https://helsenorge.no/koronavirus/koronasmitte
Ved å følga lenka ovanfor, kan du sjølv registrera mistanke om symptom på koronasmitte.
Du får ikkje kontakt med lege eller helsevesen, og du får ikkje varsla personar du har vore i nær kontakt med gjennom denne løysninga. Men du hjelper Folkehelseinstituttet med å kartlegga kor mange som kan vera sjuke med koronavirus i Noreg.
Les flere nyheter